Kunstnaren Kristin

- og det gode livet på Espevær

Etter ein kort båttur med "Rose Ekspressen" over eit blikkstille, turkisfarga hav, siglar me inn mot vakre Espevær. Øya er ei idyllisk perle midt ute i havgapet. Husa ligg tett i tett, med smale smug og billause vegar. Tidlegare var Espevær det første fiskeværet på Bømlo, no er det rein ferieidyll med rundt 90 fastbuande.

Denne fine junidagen står Kristin Høyland på kaien og tek imot oss. Kristin er keramikar og driv Galleri Kristina Wilhelmina på Sjøbueneset.

Me ruslar bort mot galleriet hennar. Her er mykje fint å sjå. Vakre, små hus med velstelte hagar ligg på rad og rekke. Me møter på hyggjelege espeværingar som smiler og helsar.

- Det er slik det er på Espevær, fortel Kristin Høyland. - Alle er venlege og bryr seg om kvarandre.

Etter ein kort spasertur kjem eit flott, kvitmåla gammalt hus til syne. Huset har eit moderne, funkisprega tilbygg. Det er her Kristin har starta sitt eige galleri og bur saman med familien sin.

Kunsteventyret

- Fyrste gong eg tok i leire var for ca 20 år sidan, då eg var elev på folkehøgskulen i Gvarv i Telemark. Eg var seld, og kjente at det gav meg noko heilt spesielt. Eg er utdanna sjukepleiar. Etter at eg trefte mannen min, Terje, fekk me to tette born. Terje er fiskar, og kombinert med sjukepleiaryrket og to små born, vart det tungt til tider. Det var mannen min som i denne tida pusha meg til å ta opp keramikkarbeidet. Han kjøpte dreiesleive og leire og la til rette for at eg kunne drive med dette, samt å kunne vere heime med borna. Han er fantastisk snill, smiler ho.

Rett frå omnen

Familien var busett i Haugesund. Kristin sat mykje på loftet i verkstaden sin og lagde skulpturar, men det sat langt inne å visa dei fram.

I 2016 overtalde mannen ho til å selja keramikk i Gamleposten på Espevær. Familien hadde nokre år tidlegare kjøpt seg eit feriehus i strandkanten på øya. Frå fyrste dag selde Kristin ut alle figurane ho hadde lagt ut for sal. Etterspurnaden var stor, og ho klarte knapt å produsera nok.

Keramikkfigurane til Kristin er til å bli glad av. Figurane finst i mange variantar, felles for dei alle er at dei speglar glede og humor.

- Keramikkfigurane vart levert varme rett frå omnen til kunden, smiler ho.

Kristin selde kunst om sommaren på Espevær i to år, før ho og familien flytta dit for godt i 2018. Ho satsa fullt på kunsten og leigde lokale i Asuransebygget.

- Espeværingane har støtta meg frå dag éin. Dei har handla og oppmuntra meg heile vegen. Utan dei hadde eg ikkje vore der eg er i dag.

Opningsdagen

Det tjue kvadratmeter store lokalet vart fort for lite. I 2019 opna ho og mannen Galleri Kristina Wilhelmina i eit flunkande nytt funkisbygg.

- Eg må innrømma at eg var spent og redd for at det ikkje skulle gå bra. På opningsdagen tenkte eg at om det kjem 10 til 20 innom, så må me vera nøgde. Det kom rundt 200 besøkjande, og det var heilt fantastisk, me måtte opna opp huset og hagen. Det var folk i alle krikar og krokar, ler ho.

- Eg hadde rekordsal den dagen. No er det slik at eg lever av kunsten, og har travle dagar. Eg jobbar stort sett sju dagar i veka, og har ofte arbeidsdagar opp mot 10-12 timar. Men det er fantastisk kjekt, tenk å få driva med det ein likar aller best! Ein dag utan leire, er ein dag utan meining.

Keramikkfigurane til Kristin er til å bli glad av. Figurane finst i mange variantar, felles for dei alle er at dei speglar glede og humor.

Keramikkfigurane til Kristin er til å bli glad av. Figurane finst i mange variantar, felles for dei alle er at dei speglar glede og humor.

Foto: Privat

Foto: Privat

Foto: Privat

Foto: Privat

Foto: Privat

Foto: Privat

Gode samarbeid

Fleire galleri tok etter kvart kontakt med ynskje om å selja kunsten hennar.

- Eg fekk beskjed om å setja opp prisane. Det er godt å ha fagfolk som hjelper med det, eg synest sjølv det var vanskeleg, seier ho.

Kristin leverer kunst til Galleri My i Narvik, Galleri Nord i Tromsø, Det Hanseatiske Museum i Bergen, Galleri Giga på Stord og til Den lille bokbutikken i Haugesund.

- Eg har takka nei til nokon, då eg ikkje har kapasitet til å levera. Fleire bedrifter har teke kontakt med ynskje om å gje nissar i julegåve til sine tilsette, det er eg veldig glad for. Det er fantastisk at folk likar det eg lagar. Eg har sendt nissar til Amerika, der frakta har vore dyrare enn nissen. Ein gong kom ein venninnegjeng heilt frå Telemark og overnatta på Espevær for å kjøpa kunst. Eg vert heilt overvelda av slikt, smiler Kristin.

God hjelp

Borna, Emma på 12 og Ludvig på 13, stortrivst på Espevær. Den eldste dottera hennar, Emilie, bur i Haugesund. Borna hjelper gjerne til i galleriet. Emma er kreativ og likar å jobba med kunst, Ludvig er svært glad i fiske og brukar mykje tid på sjøen. Mannen Terje steppar ofte inn for Kristin i butikken dersom ho er travel med produksjon.

- Me hjelper kvardandre, og det er godt, seier Kristin. - Galleriet er alltid ope så lenge eg er heime. Eg har ikkje spesifikke opningstider utanom sommar, påske og i jula. Om sommaren har eg faste opningstider frå midten av juni til uti august. Eg tek meg aldri ferie om sommaren, då likar eg meg best på arbeid med gode, travle dagar. I januar hentar eg meg inn att og gjer meg klar for eit nytt år.

I lykkerus

Dei glade figurane hennar kom til då ho opna galleriet.

- Eg var i lykkerus og veldig glad, så eg tenkjer figurane fekk sitt uttrykk av den indre gleda eg kjende då, smiler ho.

Kristin malar bilete også, det er når hendene treng kvile etter å ha arbeida mykje med keramikken.

- Eg har selt nokre bilete og håpar å halde på med både bilete og keramikk framover, seier ho.

Nyt livet på Espevær

- Eg hugsar godt første gong mannen min tok meg med til øya. Eg kjende med ein gong at eg var komen heim, det var ei heilt spesiell oppleving. Øya er like vakker heile året. Jokeren på kaia er hjarta på øya. Dei fantastiske damene som jobbar der, Ragnfrid og Christine, skal ha æra for det. Dei er alltid blide og gjestfrie.

- Jokeren på kaia er hjarta på øya, fortel Kristin.

- Det er ein ro på øya som alle skulle ha opplevd. Eg har fått ein heilt anna ro i kroppen etter at eg flytta ut her. Sjølv om me er få fastbuande, er det tusenvis av turistar innom Espevær gjennom sommaren, så her er mange nye menneske å bli kjent med.

Espevær har mykje å by på, til dømes Hummarparken, UFO-ringen, Gamleposten restaurant, Eikøy Bar, Baadehuset og cruisebåten Venemøy som tilbyr turar i distriktet.

For å koma til Baadehuset må du ta den sjarmerande kabelferja over det 45 meter breie sundet mellom Baadeholmen og Garvika. Kabelferja har myntautomat og kostar 20 kroner kvar veg. Det kan difor vera lurt å ta med ein mynt. Turen tek om lag to minutt.

Travel sommar

Kristin har ein travel sommar føre seg, men nyt kvart sekund og er svært takknemleg for å kunna driva med kunsten sin heime på Espevær. Ho har óg planar om ein nettbutikk og brukar tid på å utvikla og fornya seg.

- Eg blir jo aldri heilt nøgd. No ser eg fram til å møta kjekke feriefolk og turistar som stikk innom galleriet. Det er ei gleda kvar gong det kjem besøkjande, smiler ho.

- Jokeren på kaia er hjarta på øya, fortel Kristin.

- Jokeren på kaia er hjarta på øya, fortel Kristin.