Flytta inn i nytt, ungt bustadfelt på Meling:

- Ein heil pakke som gjer at det er kjekt å bu her!

Sjøutsikt, gåavstand til skule og nærleiken til naturen gjorde at Jon Olav og Christine Rolfsnes valte å byggja hus på Bømlo.

- Me hadde ikkje lyst til å bu midt i sentrum, men likevel nært nok til at borna på sikt skal kunna sykla til skulen og at det ikkje er så langt å køyra til butikken. I tillegg er det sjøutsikt, og det set me stor pris på, fortel Jon Olav Rolfsnes.

Saman med kona Christine Haukeland Rolfsnes og borna Aron (3) og Liva (5 mnd) har han bygd hus og etablert seg i det nye Melingsfeltet på Bømlo.

- Det er ein god kombinasjon med gåavstand til sentrum, skule og nærleik til naturen og turløyper. Rett og slett ein heil pakke som gjer at det er kjekt å bu her, fortel Christine, som eigentleg kjem frå Bergen.

FELTET LIGG FEM minutt med bil frå Svortland sentrum og består av 26 tomter til einebustadar.

14 av desse er ferdig utbygd med familiar som har flytta inn, medan tre av dei framleis er under utbygging.

Ni av tomtane er i dag ledige for sal.

Ein leikeplass ligg midt i Melingsfeltet, og er ein perfekt samlingsstad for småbarnsfamiliane i området. Denne inneheld reilestativ, sklie, sandkasse og parkbord. I tillegg har velforeininga sett opp ein gapahuk, til stor glede for alle som bur i området.

I 2018 KUNNE familien Rolfsnes flytta inn i det splitter nye huset, etter eit godt samarbeid med utbyggjar Blink Hus Steinsbø.

- Me hadde ei god oppleving med Steinsbøen, og fekk en byggeleiar me opplevede at møtte oss på det me hadde behov for, fortel Jon Olav.

For ekteparet var det viktig å kunna byggja nytt utan å gjera det alt for kostbart.

- Av den grunn var det fint at Steinsbøen kunne bistå med råd til kva tiltak me kunne gjera undervegs for å unngå at prosjektet vart for dyrt, seier han.

Sidan innflyttinga har familien trivst svært godt i det nye huset og i nabolaget. Særleg positivt synest dei det er med unge naboar som alle er i 30-åra.

- Det som er kjekt med å bu her, er at alle i feltet er i same livssituasjon. Sote og små innbyggarar i feltet er stort sett på same alder, og difor treng ikkje borna gå langt før dei har nokon å leika med. Det betyr mykje.

Våre bustadfelt

Melingsvåg

Tomtene ligg ytterst i Melingsvågen, like over kaiområdet, med havet som næraste nabo. Her vil ein både få flott utsikt og gode solforhold. Ein vil bu forholdsvis landleg, samstundes som Meling er eit populært område i vekst.

Tomtene ligg ytterst i Melingsvågen, like over kaiområdet, med havet som næraste nabo. Her vil ein både få flott utsikt og gode solforhold. Ein vil bu forholdsvis landleg, samstundes som Meling er eit populært område i vekst.

Tomtene ligg ytterst i Melingsvågen, like over kaiområdet, med havet som næraste nabo. Her vil ein både få flott utsikt og gode solforhold. Ein vil bu forholdsvis landleg, samstundes som Meling er eit populært område i vekst.

Stavlandskleivane

På Stavlandskleivane kjem det tomter og bustadar for sal.
Ta kontakt for å setja deg på interesseliste.

Me har mange prosjekt og tomter for sal.
Ta kontakt, så kan me hjelpa deg med det meste!

Sondre Natås Strand
Tlf. 415 47 587
sondre.natas.strand@kr-steinsbo.no

www.kr-steinsbo.no