Verda ser til Zinus

Både Aleksander Våge Nilsen (34) og Heine Teige (26) har nøkkelroller når det framtidsretta selskapet i Rubbestadneset skal innta den globale marknaden.
No treng dei med på laget!

- Eg får vera med på utruleg mykje spanande, seier Heine Teige.

26-åringen jobbar som prosjektleiar i Zinus på Rubbestadneset og fortel om korte liner i bedrifta og stor påverknad på eigen kvardag og bedrifta si framtid.

- Eg flytta heim igjen til Rubbestadneset utelukkande på grunn av denne jobben, og har ikkje angra på det.

Som nyutdanna automasjonsingeniør var Heine Teige ein ettertrakta ressurs. Han fekk jobbtilbod i fleire av dei store byane i landet og kunne velje frå øvste hylle. Likevel var det ei bedrifta som fanga merksemda hans:

Eit nyoppstarta selskap på heimplassen hans i Rubbestadneset.

- Zinus var veldig mykje framme i media på den tida. Det var skriving om kontraktar som blei vunne og eg forstod at det var store moglegheiter for å utvikla seg i denne bedrifta. Difor bestemte eg meg for å søka jobb som automatikar, sjølv om eg var utdanna ingeniør.

Heine Teige

Heine har nemleg fagbrev i botn, men då olje- og energikrisa kom, bestemte han seg for å ta ingeniørutdanning på HVL i staden.

Snaut eitt år etter at han begynte som automatikar fekk han jobb som testingeniør, før han jobba seg opp til å bli prosjektleiar.

- Eg har opparbeidd meg stor kompetanse på landstraumanlegg sidan eg har fått vera med på så mange ulike sider av det me gjer. Det er enormt kult å få vera med på denne reisa, og eg føler at eg får vera med og påverka både produkt og retninga vår, understrekar han.

Heine Teige

Heine Teige

På få år har Zinus vakse til å bli verdsleiande innan landstraumanlegg, og vinn ein stadig større global marknad. Nyleg fekk bedrifta ein stor kontrakt i Singapore, som sikrar elektrisk ferjetransport frå fastlandet og ut til eitt av verdas største oljeraffineri. Dette er på oppdrag frå Shell.

I januar kom også nyheita om at Zinus har inngått ein gigantavtale med Molslinjen i Danmark.

- Me er stolte av å kunna seia at me har befesta oss langs heile norskekysten, og kurva begynner å flata ut. Me vil veksa, og difor er me på veg ut internasjonalt. Det er eit stort potensiale i den globale marknaden, og me har mange dyktige partnerbedrifter med oss på vegen.

Aleksander Våge Nilsen (34) er født og oppvaksen på Folderøy på Bømlo. I dag har han flytta tilbake med sin eigen familie - og trivst godt med arbeidsplassen sin i Zinus.

- Greia med å jobba i Zinus er at du får ta del i veldig mange spanande ting, og vera med på å påverka desse. Me er berre 30 stykk som jobbar her, og har hatt stor vekst dei seinaste åra. At me er så få betyr at me samarbeider tett og du føler at du utgjer ein forskjell når du er på jobb.

Aleksander Våge Nilsen

Aleksander har tidlegare jobba i store selskap, og er tydeleg på forskjellen.

- I dei store selskapa tek avgjerder lang tid, og linene strekkjer seg nedover Europa. Arbeidsoppgåvene var typisk "sett i bås" og du føler at ikkje utgjer den store forskjellen. Det står i sterk kontrast til ei lita bedrift som dette.

Aleksander er utanna økonom og har stilling som Purchasing Manager i Zinus. Han har budd mange år i Bergen, og då han fekk beskjed om at avdelinga han jobba i hos den tidlegare arbeidsgjevaren skulle leggja ned, måtte han ta eit val.

- Valet mitt stod mellom å flytte til Oslo og fortsetje karriera mi der, eller flytte heim til Bømlo og begynne hos Zinus.

Aleksander tek ein slurk av kaffikoppen og smiler.

- Men så har det seg sånn at Oslo er på feil side av fjellet.

Han og sambuaren venta også sitt fyrste barn, og ynskjet om å flytta nærare familiane gjorde deg gjeldande.

- Det har me ikkje angra på. Nærleiken til friluftslivet er ein anna grunn til at me flytta heim. Her er fjord og fjell, og mange flotte turløyper ein kan nytta seg av. Det er ein fin plass å veksa opp for dei komande generasjonane.

Aleksander Våge Nilsen

Aleksander Våge Nilsen

Ein lokal aktør. Ein global marknad.

På Rubbestadneset produserer dei landstraumanlegg som er ettertrakta i internasjonal shipping.

- Om du set det på spissen, er kvar einaste kai eller hamn eit potensielt område for produkta våre, seier Heine med eit smil.

- Det er sant. Bransjen er i rivande utvikling og det er mykje som skjer. Det er også ei fjør i hatten for oss at den globale marknaden ser til regionen vår i Sunnhordland for korleis ting bør løysast når framtida skal bli grøn og elektrisk, understrekar Aleksander.

- Me tek imot delegasjonar av toppleiarar og andre nøkkelpersonar frå store firma som kjem i land nede på kaia her - berr for å læra av oss og sjå korleis landstraumanlegga våre fungerer i praksis. Det er flott å vera med på.

Zinus sine tenester er gjeldande i det tidsrommet som skjer når ladinga går fra land til skip.

- Me har sett ein heilt ny standard for landstraumteknologi, noko som er ein fordel for miljøet og brukarar over heile verda. Løysingane er autonome, noko som gjer at tilkoplinga til ladepunkt for fartøya går automatisk. I fjor registrerte me godt over 100.000 ladingar, seier Heine.

Treng fleire folk

I framtida vil Zinus befesta sin globale posisjon ytterlegare. Med fleire spanande prosjekt på gong, er behovet for dyktige folk stort.

- Å få vera med og byggja opp ei bedrift som Zinus... det er utruleg givande. Rett og slett ei reise som er knallgøy å vera med på, kommenterer Aleksander.

Autonomt ladetårn frå Zinus

- Ja, det er travle dagar og me jobbar med mange spanande prosjekt. Me kjem til å trenga mange folk framover. Teknologisk bakgrunn er bra, gjerne innan mekanisk, elektro og software. På den andre sida kjem me til å trenga både servicefolk og folk på sal, understrekar Heine.

- Me er lokale og leiande innan vårt fagfelt. Du får jobba både tverrfagleg og med framtidsretta og innovativ teknologi. Du får ta del i avgjerder og påverka retninga vår. Nettopp difor bør ein søka seg til Zinus, legg Aleksander til.

- Det er mange bømla-bedrifter som kan reknast som internasjonale suksessar. Både Bremnes Seashore og Wickmann er døme på bedrifter som har kome langt og som har hatt ein eventyrleg vekst. Eg har klokkartru på at Zinus kjem til å bli det neste bømla-evenytret, avsluttar Heine.

Autonomt ladetårn frå Zinus

Autonomt ladetårn frå Zinus

Me er alltid på utkikk etter dyktige og engasjerte folk!

Send gjerne ein open søknad til
career@zinuspower.no